Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Prisgunstige leilegheiter med carport - god plassering!

Botn 119 6869 Hafslo
Pris fra
2 550 000 kr
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

56 m2

Gårdsnr.

155

Bruksnr.

4

Beskrivelse

Botn byrjar og bli eit etablert bustadfelt på Hafslo. Her får du panoramautsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, og godt skjerma utan gjennomgangstrafikk. Borna vil få ein trygg veg til skulen med gangveg frå bustadfeltet. I Botn har du i tillegg flotte turområde og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botnbustadfelt skal verte ein god stad å bu og veksa opp på! Populære trimmeturar i området er blant anna Molden og Solvornnipa, det er og kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrand? Botnbustadfelt vert det bygd moderne einebustader, tomannsbustader, leilegheiter i firemannsbustader og lågblokker.

Om leilegheitene

8 lyse og moderne leilegheiter på eit plan med 2 soverom, opphaldsrom og bad. Fire i førsteetasjen og fire i andreetasjen, fordelt på to bygg. Leilegheitene har ein romsleg og solrik veranda. Her har du god plass til å nyte fine sommarsdagar med familie og venner. I leilegheitane i første etasje har du alle hovudfunksjonane og dei har difor livslaupsstandard, med gode parkeringsløysingar på eige tun. Opphaldsrommet har opa stove og kjøkkenløysing, store vindauge som slepp inn mykje naturleg lys, med direkte utgang til veranda. Inkludert carport.

Dette er ein leilegheit der alt er nytt og krev minimalt med vedlikehald dei første åra, dette betyr meir tid til fritid og familie.

Innhald

BRA: 59 kvadratmeter i begge etasjar (etter det gamle reglane).
•Lys og fin leilegheit
•Stor terrasse.
•Carport med sportsbod
•To soverom
•Opphaldsrom, open stove og kjøkkenløysing
•Eit bad, der badet har delt funksjon som vaskerom
•Kjøkken og stove har open løysing.
•Store vindauge
•Teknisk bod

Standard

Leilegheitene er planlagt med optimal plassutnytting og god standard.
Dei vert levert med blant anna:
•1-stavs laminat av typen Kronotex Mammut Everest Oak Beige 3081.
•Våtromma vert levert med 20x20 grå standardfliser med sokkellist.
•Innreiingspakke av kvalitetskjøkken frå Sigdal
•Bad vert levert kvit innreiing med spegelskap av typen Hilde frå LinnBad. Det vert levert servant skap på 100 cm med to skuffer, sentrert servant og spegelskap med integrert lys og stikkontakt, dusjhjørne 90x90 på bad i hovudetasjen. Det vert levert golvmontert toalett på bad.
•Alle romma vert levert med kvite ferdigmalte huntonit plater på vegg og himling.
•Veggane på badet levert med flis i dusjsone og veggane ellers vert sparkla og måla med våtrobaderomsplater
•Komplett balansert ventilasjonsanlegg ihht. TEK 17
•Vindauge og terrassedører vert levert kvitmåla med energiglas.
•Listverk leverast kvite, fabrikkmalt med synlege spikarhol
•Leielgheita vert levert med vannboren varme i alle rom utanom på soveromma.

Parkering / Garasje
•Carport med sportsbod

Åtkomst

Frå Essostasjonen på Hafslo som ligg ved fylkesveg 55 tek du av mot Hafslo sentrum, her føl du fylkesvegen 337 i om lag 300meter, frå fylkesvegen tek du av til venstre mot Botn. Følg denne vegen i om lag 400 meter, du vil sjå tomta på venstre side.

Regulering
Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljreguleringsplan for Botn.
LUSTER KOMMUNE
(Plan-id 1426-2016004)

Anna

- Alle bilete i salsoppgåva er Illustrasjonsbilete. Bustaden er umøblert og utan utandørs planting.
- Alle innvendige og utvendige areal, samt beskriving av bygning er henta frå bygningsteikningar.
- Dersom det skulle være forskjell mellom beskrivinga av eigedomen og materialleveransen, er det materialleveransen som går føre.
- Det tas atterhald om trykkfeil.

Atterhald
- Det vert teke atterhald om panthavars samtykke.
- Det vert teke atterhald om endeleg godkjenning av byggjelåns finansiering.
-Godkjenning frå kommunen.
- Spesifiserte produkt eller løysningar på bygg eller utomhus omtala i denne leveransebeskriving kan verte endra av utbyggjar under byggjeprosessen. Slike endringar skal ikkje medføre verdiforring av eigedomen eller vesentleg endring av bustadens funksjon og standard. Der det er angitt alternative løysingar eller materialbruk føretek utbyggjer det endelege val.

Om Tomta
Tomta ligg i nærleik til vatnet med ei fantastisk utsikt over vatnet og store delar av Hafslo. Frå eigedomen er det gangfelt til Hafslo sentrum med dei fleste fasilitetar, som daglegvarebutikk, bank, skular (1.-10.klasse) samt barnehagar. Kommunalveg til eigedomsgrensa, den kommunalevegen vert asfaltert og vinterbrøytt, samt opplyst av gatelys.