Hans Nes Bygg AS



Om Hans Nes Bygg AS
Hjå oss finn du kvalitetsprodukt til konkurransedyktige prisar, kombinert med personleg rådgjeving, tips og rettleiing som hjelper deg å ta gode val for prosjektet ditt. Med lang erfaring i byggjebransjen er vi ein seriøs, solid og dyktig samarbeidspartnar du kan stole på.
Enten du planlegg oppussing, rehabilitering eller nybygg, ønskjer vi å vere ditt naturlege val – og hjelpe deg med å realisere byggjeprosjekta dine.
Vi er Miljøfyrtårn-sertifiserte, og arbeider kontinuerleg med klima- og miljøforbetringar i verksemda. Dersom du ønskjer innsyn i klima- og miljøarbeidet vårt, kan du ta kontakt for å få tilsendt klima- og miljørapporten vår.
Vi set òg pris på innspel og tilbakemeldingar gjennom skjemaet vårt for klima- og miljøarbeid. Dine innspel er viktige og bidreg til at vi kan utvikle oss vidare.
Link til skjema: Innspel til klima- og miljøarbeid – Fyll ut skjema
Hans Nes Bygg AS sin historie
Hans Nes vart fødd på Veitastrond den 30. november 1909, son av Johannes og Elina Nes. Oppveksten hadde han på garden Røyteviki, her hadde dei fire kyr og nokon høns. Han budde òg tre år hjå faste si i Yngsdalen. Etter skulegangen på Strondi og hardt arbeid som ung dreng, byrja Hans i snekkerlære hjå Nils Lomheim på Hafslo. Etter endt læretid og nokon år som sjølvstendig handtverkar, byrja Hans å bygge sitt eget liv og virke i byggjebransjen.
I 1952 gifta Hans seg og fekk tre barn. Han startet sitt eige firma, Hans Nes og Søn, i 1968, og utvidet etter kvart med flere tilsette og nytt lokale. Med auka omsetning frå 1975 og modernisering i 1988, var Hans aktiv i driften til sin død. Hans Nes Bygg AS vart eit etablert namn i bransjen, Hans sitt engasjement og arbeid var ein sentral del av selskapet sin suksess.
«Beste eg veit er å stå opp om morgonen, ete frukost og reise på arbeid»
Redegjørelse etter åpenhetsloven
REDEGJØRELSE ETTER ÅPENHETSLOVEN 2025 FOR HANS NES BYGG AS
1. Innleiing
Denne utgreiinga er utarbeidd i samsvar med åpenhetslova § 5 og omfattar aktsomheitsvurderingar gjennomførte i Hans Nes Bygg AS for perioden 1. januar–31. desember 2025.
Utgreiinga er behandla og godkjend av styret i Hans Nes Bygg AS og blir publisert på selskapet sin nettside i samsvar med lova.
2. Om verksemda
Hans Nes Bygg AS er ein entreprenørverksemd med kontorstad på Hafslo.
Hans Nes Bygg AS er godkjend lærebedrift og har normalt éin til to lærlingar. Arbeidsoppgåvene er i hovudsak tømrar- og grunnarbeid på større og mindre prosjekt innanfor privat og offentleg sektor. Verksemda ønskjer å bidra til rekruttering av fagarbeidarar og legg vekt på trygge arbeidsforhold, fagleg utvikling og seriøsitet i byggebransjen.
Selskapet er Miljøfyrtårn-sertifisert. Det blir gjennomført årleg gjennomgang av HMS- og kvalitetssystemet, og verksemda nyttar Mobile Worker som digitalt styringssystem.
3. Forankring av arbeidsforhold
Hans Nes Bygg AS arbeider for å sikre respekt for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold både i eiga verksemd og i leverandørkjeda.
Arbeidet er forankra gjennom:
- etiske retningslinjer
- personalhandbok
- HMS- og kvalitetssystem
- Miljøfyrtårn-sertifisering
- årlege gjennomgangar av HMS- og kvalitetssystem
- systematisk opplæring av tilsette og lærlingar
Selskapet legg vekt på faste tilsetjingar og nyttar ikkje utanlandske bemanningsføretak eller utanlandske underentreprenørar.
4. Aktsomheitsvurderingar
I forbindelse med det kontinuerlege arbeidet som blir gjort som miljøfyrtårnsertifisert, har Hans Nes Bygg AS gjennomført aktsomheitsvurderingar.
Vurderingane har omfatta:
- eiga verksemd
- leverandørar
- innkjøpsrutinar
- bruk av underentreprenørar
- leverandørkjeda for byggematerial
Arbeidet har bestått av kartlegging av risiko, vurdering av eksisterande rutinar og identifisering av område der det kan vere behov for ytterlegare oppfølging.
5. Identifiserte risikoområde
Det er ikkje avdekt faktiske brot på grunnleggjande menneskerettar eller anstendige arbeidsforhold i selskapet si eiga verksemd.
Følgjande risikoområde er identifiserte:
Leverandørkjeda for byggematerial
Sjølv om innkjøp skjer gjennom norske grossistar og hovudsakleg via Mestergruppen, kan enkelte produkt innehalde råvarer eller komponentar produserte i land med høgare risiko for brot på menneskerettar og arbeidstakarrettar.
Leverandørar
Selskapet nyttar etablerte norske leverandørar og vurderer risikoen som låg, men vil halde fram med å følgje utviklinga og innhente relevant informasjon ved behov.
Eiga verksemd
Risikoen blir vurdert som låg som følgje av etablerte HMS-rutinar, fast tilsette, lærlingordning og systematisk oppfølging.
6. Tiltak
Hans Nes Bygg AS har gjennomført eller vidareført følgjande tiltak:
- prioriterer etablerte norske leverandørar
- gjennomfører årleg gjennomgang av HMS- og kvalitetssystem
- opprettheld Miljøfyrtårn-sertifisering
- nyttar Mobile Worker til oppfølging av HMS og kvalitet
- vidarefører satsinga på lærlingar og kompetanseutvikling
- stiller krav til seriøsitet hos leverandørar og samarbeidspartnarar
7. Resultat
Det er ikkje avdekt faktiske negative konsekvensar eller vesentleg risiko som har kravd korrigerande tiltak i rapporteringsperioden.
8. Vidare arbeid
I 2026 vil Hans Nes Bygg AS vidareutvikle arbeidet med aktsomheitsvurderingar gjennom:
- årleg oppdatering av risikovurderingar
- vidare oppfølging av leverandørkjeda
- vurdering av dokumentasjon frå sentrale leverandørar
- integrering av arbeidet i eksisterande HMS- og kvalitetssystem
9. Informasjon etter åpenhetslova
Alle har rett til å be om informasjon om korleis Hans Nes Bygg AS handterer faktiske og potensielle negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold etter åpenhetslova.
Førespurnader kan rettast til Hans Nes Bygg AS, og vil bli behandla i samsvar med lova sine fristar og krav.
Sertifiseringer



