Moderne einebustad med stor garasje med sportsbod til sals nær sjukehuset, høgskulen og VCA i Volda sentrum
Lindevegen 24, 6103 VoldaNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Boligtype
Gårdsnr.
Bruksnr.
Beskrivelse
I enden av Lindevegen skal vi bygge eit felt beståande av tre einebustadar med eiga tomt. Området ligg i Røyslida, og det er kort veg å gå til Volda sjukehus, ca. 3 min. Skal du gå til Høgskulen og Volda Campus SpareBank 1 Arena (VCA), vil det ta ca. 4 minutt.
Bustadane vil ligge vendt mot sør i eit solrikt område.
Kvar bustad har to parkeringsplassar, den eine i garasje. Ved garasjen vil der også vere ei sportsbod. Tilkomsten vert levert ferdig asfaltert gårdsplass.
Bustaden har moderne utforming med god kvalitet på materialar, og har eit BRA på 156,9 m² + 5m² utv. bod. I tillegg kjem garasje med sportsbod 22,8 m² (herav sp.bod på 5 m²).
I første etasje er der gang og trapperom, tre soverom, vaskerom, bad og kjellarstove. I andre etasje er der hall, hovudsoverom, bad og stort kjøken og stove og balkong med glasrekkverk.