BU LANDLEG, SAMTIDIG SOM DU HAR SENTRUM LIKE VED DEG
Isakmarka 43 og 45 6060 HareidNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
Beskrivelse
Dette er store og flott bustadar. Her er to størrelsar, seksjon nr. 1 er større enn seksjon 2 og 3 (seksjon 3 er SELD).
Kvar bustad har carport inkl. sportsbod. Bustadane er tenkt bygd med fire soverom. Når eg skriv tenkt bygd så er det slik at dersom du kjem tidleg inn så kan du slå saman to rom til eit større rom f.eksempel.
Tre bustadar i rekke:
- Isakmarka 43 = seksjon 1
- Isakmarka 45 = seksjon 2
- Isakmarka 47 = seksjon 3 (SELD)
I 1. etg. vil der vere;
- inngangsparti,
- kjøken,
- bod
- stove.
Frå stova er der skyvedør ut på ein stor terrasse på henholdsvis 17 eller 21 m².
I 2.etg. vil du finne;
- Fire soverom
- bad
- gang
Bustaden ligg fint til på Hareid med korte avstandar til det meste i Hareid sentrum.
Elles så er vegane inn i felte kommunale, og det er kommunen som har vedlikeholdet.
Dei interne vegane inn til carport og bustaden er levert med grus. Kjem du tidlig inn i prosessen så har du moglegheit til å vere med å utforme bustaden etter din smak.
Vi leverer produkt med lyse overflater på det meste av det vi leverer. Produkta vi nyttar er av god kvalitet. Kjøken- og baderomsinnreiing er levert av Hygge Design AS.
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustaden vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept.
Det som ikkje er inkludert er ned vask, kvite- og brunevarar og belysning.
Du betaler bustaden ved overtaking slik at du slepp noko form for byggelån. Ved overtaking så må du vaske ned bustaden også kan du flytte rett inn.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit 3 bords plater, og Huntonit kvite takplater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. I soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt laminatgolv type Lillehammer lys eik frå PERGO. Innvendig bod vert det lagt flis på golv. Bustaden vert levert med vedomn og stålpipe.
Kjøkken, bad og garderobe innreiing:
Kjøken er av type Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type Nordsjø Riga Eik, grå. I Riga serien på kjøken og bad kan du velje mellom Kvit, Eik natur, Eik svart og Eik grå. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på Bad. Dersom du er ute tidleg såa kan du kan du velje mellom fleire frontar på kjøken og bad. På badet er der ein 120 cm seksjon med to skuffer, og med spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.
Røyrleggar- / sanitærarbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert ei utekranar per bustad.
Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt inne miljø. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar, jordfeilbrytar.
Uteplass:
Leilegheitene vil få terrasse mot sør-vest. Terrassen er på ca. 21 m². Uteområdet vert levert maskinplanert og ein må rekne med å plukke stein, rake, så plen og plante sjølv.
For meir detaljer sjå leveringsskildring.
Finansiering
Vi har innvilga husbanklån på prosjektet.
- Seksjon 1 er der innvilga kr. 3.861.000,-
- Seksjon 2 er det innvilga kr. 3.411.000,-
Renter på Husbanklånet er frå 1.juli 2026 på 4,025% med månadleg betaling. Effektiv rente vil være 0,1-0,2 prosentpoeng høyere avhengig av lånets størrelse og nedbetalingsvilkår.
Dersom du ønsker å binde renta på lånet ditt, kan du søke om fastrente. Det innebærer at du binder deg til en rentesats i 3, 5, 10 eller 20 år.