Hopp til hovedinnhold
1 / 0

I Botn skal det vera godt å bu – som førstegangskjøpar eller for deg som ønskjer noko nytt.

Botn 6869 Hafslo
Pris fra
3 750 000 kr
Alexander Tveit Beheim
Seljar

Nøkkelinfo

Soverom

2 - 4

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

63 - 105 m2

Gårdsnr.

155

Bruksnr.

4

Beskrivelse

Ønskjer du ein lettare/enklare kvardag, lei av stor einebustad med hage, men er ikkje heilt klar for leilegheitslivet?

Då er dette eit godt alternativ. Her får du ein bustad som er framtidssikra med ein god planløysing, ein vil få alle dei nødvendige romma på eit og same plan. To til fire soverom, bad, kjøkken og stove, i same etasje – livslaupsstandard, inkludert garasje. Her kan ein med andre ord bu godt i alle livsfasar.

Her flyttar du inn i ein ny bustad med minimalt vedlikehald dei første åra, dette gjer til at ein kan nytte fritida si på andre ting, som turar – i fjell, inn- og utanlands, trening, familie eller berre å kople av på terrassen. Gode solforhald og utsikt til Hafslovatnet, Hafslo sentrum samt Sogn Skisenter med frikøyring frå heis i 700 høgdemeter.

Om Botn

Botn er eit relativt nytt bustadfelt på Hafslo. Her får du utsikt over Hafslovatnet og store delar av Hafslo, det og gangavstand til blant anna butikk, skular, barnehagar og samfunnshus. Bustadfeltet er roleg og barnevennleg, godt skjerma utan gjennomgangstrafikk for køyretøy. Borna vil få ein trygg veg til skule/barnehage med gangveg frå bustadfeltet.

I Botn har du i tillegg flotte turområde og Hafslovatnet i direkte nærleik. Botnbustadfelt skal verte ein god stad å bu og veksa opp på! Populære trimmeturar i området er blant anna Molden og Solvornnipa, det er og kort veg til Solvorn der ein kan nyte fine sommarsdagar på ein av Noregs finaste badestrand? I Botnbustadfelt vert det bygd moderne einebustader, tomannsbustader, leilegheiter i firemannsbustader og lågblokker.

Standard

  • Alle vindauge og balkongdører vert levert kvite med trelagsvindauge
  • Alle tørre rom vert levert med laminat Kronotex Mammut Everest Oak beige 3081, merk at inngang/entre vert rekna som tørt rom
  • Bustaden vert levert ferdigmåla utvendig
  • Vedomn med stålpipe frå Nordpeis av typen Duo 5 DV
  • Alle veggar og himlingar vert gipsa og pussa, målt i standard kvitfarge, gjelder ikkje veggar på våtrom
  • Alle våtrom vert levert med kontorets standardfliser 20x20 Demireks Exil Grey og 10x10 i dusjsone på golv, med sokkelflis. Veggane vert tekka med våtromsplater av typen fortissimo 3091 med flismønster 60x40.
  • Baderoms møblar frå kvalitetsleverandøren LinnBad av typen Hilde med spegelskap, her er det tre fargar å velje i mellom.
  • Kombigarderobeskap på alle soverom, hovudsoverommet får 2
  • Innreiingspakke frå kvalitetsleverandøren Sigdal med montering og kvitevarer.
  • Komplett tilbod hjå elektrikar med lampepunkt, stikkontaktar og liknande samt spottar, her får kunde møte med elektrikar der ein kan bestemme plassering av dei ulike punkta.
  • Komplett tilbod hjå røyrleggjar med blant anna utekran, vegghengtoalett, blandebatteri og dusjarmatur frå Oras, 200 liters varmtvannsberedar.
  • Alle foringar og listverk rundt vindauge, balkongdører, ytterdører og innvendig dører vert levert kvite, synlege spikarhol.
  • Liten platting ved inngangspartiet og ved stove, levert i impregnert materiale.
  • Garasjen vert levert med elektrisk garasjeport.
  • Bustaden slik som teikningane viser
  • Kvart bygg er ein tomannsbustad med eige gards- og bruksnummer, så de eig dykkars eigen tomt.
  • Grøntareal vert grovplanert utvendig og veg vert klargjort til asfaltering.

Åtkomst

Frå Essostasjonen på Hafslo som ligg ved fylkesveg 55 tek du av mot Hafslo sentrum, her føl du fylkesvegen 337 i om lag 300meter, frå fylkesvegen tek du av til venstre mot Botn. Følg denne vegen i om lag 400 meter, ta av til venstre du har då tomtane på høgre hand (mellom vegane).

Regulering

Eiendommen er regulert av følgende plan: Detaljreguleringsplan for Botn.
LUSTER KOMMUNE
(Plan-id 1426-2016004)

Atterhald

  • Det vert teke atterhald om panthavars samtykke.
  • Det vert teke atterhald om endeleg godkjenning av byggjelåns finansiering.
  • Det vert teke atterhald om endeleg offentleg godkjenning.
  • Spesifiserte produkt eller løysningar på bygg eller utomhus omtala i denne leveransebeskriving kan verte endra av utbyggjar under byggjeprosessen. Slike endringar skal ikkje medføre verdiforring av eigedomen eller vesentleg endring av bustadens funksjon og standard. Der det er angitt alternative løysingar eller materialbruk føretek utbyggjer det endelege val.
  • Halvparten av einingane per område er selde før oppstart
  • Alle bilete i salsoppgåva er illustrasjonsbilete. Bustaden er umøblert og utan utandørs planting.
  • Alle innvendige og utvendige areal, samt beskriving av bygning er henta frå bygningsteikningar.
  • Dersom det skulle være forskjell mellom beskrivinga av eigedomen og materialleveransen, er det materialleveransen som går føre.
  • Det tas atterhald om trykkfeil.