Bu landleg, men samtidig som du har sentrum like ved deg! Bustadar i forskjellige størrelsar til sals på Ose i Ørsta
Oseflata 2 og 12 A - D, 6155 ØrstaNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
BU LANDLEG, SAMTIDIG SOM DU HAR SENTRUM LIKE VED DEG
Bustadane i hus 1 og 6 er bustadar i forskjellige størrelsar. I hus 1 er eit hus med fire fireromsleilegheiter. Hus 6 er eit hus med totalt fem leilegheiter. På første plan er det tre toromsleilegheiter med eit soverom, bad, kjøken og stove. I tillegg er der terrasse på 8,5m² med direkte adkomst til plenen.
På andre plan er der to treromsleilegheiter som inneheld med to soverom, vaskerom, bad, kjøken, stove, og balkong med glasrekkverk.
Bustadane har moderne utforming med lyse overflater og god kvalitet på materialar.
Kjøken- og baderomsinnreiing er i h.h.t. teikning.
Dei store vindauga på stova gjer at du får inn lys. Dei to treromsleilegheitene på andre plan er det mønt himling på stove og kjøken, noko som gir god romfølelse. Bustadområdet ligg fint til på Ose, like ved Ørsta camping, badestranda på Ose, Rema 1000, skular og Ørsta sentrum. Området har eigen felles leikeplass/opphaldsplass. Parkeringsplassar og internveger til inngangsdørene blir levert med asfalt. Vi leverer ferdig tilsådd plen, og nedgravde felles avfallsløysing for dette feltet.
ENKEL SKILDRING
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustadene vert levert etter vårt nøkkelferdige konsept. Det som ikkje er inkludert er ned vask, kvite- og brunevarar, dusjveggar og belysning. Ved overtaking må du vaske ned bustaden, og flytte rett inn.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med eitt strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit 3 bords plater, og Huntonit kvite takplater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På innvendig bod vert det lagt fliser på golv. I soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt laminat type, Trondheim Blond Oake som er eit Svanemerka og har miljømerket EU Ecolabel eller Blomsten, laminatgolv frå Pergo. Innvendig bod vert det lagt flis på golv.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Desse vert leverte i h.h.t. arkitekt teikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank, avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert utekrane.
Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I tillegg må kunden ha egne varmeomnar. Varmepumpe kan leverast mot tillegg i prisen.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går dokke gjennom punktplassering i din bustad.
Det er lagt opp trekkerør til carport for framtidig montering av EL-bil laddar. El-bil laddar er ikkje ein del av vår leveranse.