Beskrivelse
Det er med stor glede vi presenterer tre nye leilegheiter som er teikna og tilpassa for deg som ønskjer å bu midt i sentrum.
Dette er ein ypperleg moglegheit for førstegongskjøparen, pendlaren – eller for deg som ønskjer ein enklare og meir lettvint kvardag med alt du treng i umiddelbar nærleik.
Alle leilegheitene leverast med vannbåren varme, som gir jamn og behageleg temperatur året rundt, lågare energikostnader og eit moderne bukomfortnivå.
Bygget har universell tilkomst og er utstyrt med heis. I femte etasje finn du ei romsleg, felles takterrasse som alle bebuarar i Strandgata 58 kan nyte.
Leilegheitene er no under oppføring, og det er mogleg å avtale visning.
Leilegheitene
Storleiken varierer men til felles er alle smarte og areal effektive. Prosjektet vert bygd etter krav som sikrar deg gode tekniske og økonomiske løysingar som du vil ha glede av så lenge du bur i leiligheta.
Det skal være eit enkelt liv i Strandgata 58. Du skal sleppe å tenke på maling, plenklipping og anna vedlikehald når du held hus her.
Desse leilegheitene er perfekt for førstegongskjøpar, for dei som treng pendlarleilegheit eller om du berre vil flytte inn i noko meir vedlikehaldsvennleg. Leilegheit 1 C har balkong, og i tillegg disponerar alle bebuarane i bygget ein felles terasse.
Det er parkeringskjellar i bygget, og ein kan kjøpe parkeringsplass for kr. 300 000 ,-
Beliggenheit
Her er det kort veg til det urbane liv med kafear, restaurant, shopping, men også til det maritime. Næraste kafe er faktisk rett over vegen! Det er gangavstand til Amfisenteret. Dersom du har ein aktiv livsstil har du to treningssenter i umiddelbar nærleik, samstundes som det heller ikkje er lang veg til gode turstiar i gangavstand frå bygget. Det er i tillegg kort veg til barnehage, barneskule og ungdomskule, og med rutebilstasjonen og båtterminal rett borti vegen kan det vere rom for å leve eit bilfritt liv for dei som drøymer om det.
Felleskostnader inkluderer
Vannbåren varme og varmtvann. Forretningsfører. Forsikring. Strøm fellesareal. Tv og internett. Vedlikehaldsfond.