Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Bu moderne og lettstelt på Smedstad | Planlagte leilegheiter med solrike uteplassar og gunstig finansiering!

Angedalsvegen 45 6810 Førde
Pris fra
3 950 000 kr
Rune Ottesen
Prosjektleder
Prosjektet bygges av

Byggmester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift og totalentreprenør med base i hjartet av Førde. Sidan oppstarten i 1979 har vi levert solid handverk og skapt funksjonelle, varige heimar og bygg for kundane våre. Vi er stolte av å vere ein del av Mesterhus, som gir oss tilgang til gjennomprøvde løysingar og fleksible bustadmodellar. Med eit erfarent team av dyktige fagfolk tek vi på oss både små og store prosjekt – for privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar i heile fylket. Hos oss er det ein sjølvfølge - det blir som avtalt - både når det gjeld kvalitet, pris og framdrift.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

1 - 4

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

12 - 43 m2

Gårdsnr.

22

Bruksnr.

52

Solrike leilegheiter på Smedstad – med husbankfinansiering for alle!

Moderne leilegheiter med flotte solforhold, romslege terrassar og praktiske gjesteleilegheiter.

Det som verkeleg skil prosjektet ut, er finansieringa: alle kjøparar får tilgang til Husbanklån. Dette gjeld for alle som kjøper leilegheit i dette byggetrinnet.

Med fast rente på berre 4,11 % får du trygg og forutsigbar økonomi – langt under marknadsrenta. Vel du flytande rente, er den kun 4,26 %.
Dette kan gi deg ei besparing på inntil 100.000 kroner i året.
Det betyr lågare buutgifter kvar månad og ein meir behageleg kvardag.

Vi hjelper deg gjerne med søknadsprosessen til Husbanken.

Unike fellesareal:
✔ Stor takterrasse
✔ To gjesteleilegheiter – perfekt når du får besøk
✔ Oskars Hage – ein lun oase med plass for både ro og sosialt samvær

Ta kontakt for visning eller meir informasjon!

Beskrivelse

Vi har gleda av å presentere neste byggetrinn på Smedstad.

Prosjektet ligg i Angedalsvegen, med gangavstand til sentrum, barnehagar, skular, matbutikk og sentralsjukehus. Tomta ligg strategisk til og har sol omtrent heile året.

Alle leilegheitene har store terrasser der ein kan nyte mykje ettermiddags- og kveldssol. I tillegg til eigen balkong har du moglegheit til å bruke dei flotte fellesområdene som er på tomta.

Med på kjøpet får du ein felles takterrasse, to gjesteleilegheiter dersom ein skulle trenge fleire sengeplassar, samt Oskars Hage - med sine mange lune og skjerma område, kan du vere sikker på å nyte sommardagen ute.

Ein del av tomta er omkransa av ei lita grov som munnar ut i elva Anga. Det er opparbeida ein tursti kant i kant med elva der ein kan ane lyden av bekkesildring, eller studere småfiskane som lev her.

Med sin spennande arkitektur er Smedstad eit bustadprosjekt som har treft mange ulike kjøpargrupper. Smedstad skal vere ein plass der man skal trivast. Vi har lagt vekt på praktiske og funksjonelle løysingar med ein god porsjon komfort. Leilegheita har påkosta kvalitetar, store vindauge, romslege sørvest vendt terrasse og god planløysing.

Standard

Kjøkken
Kjøkken vert levert av annerkjent kjøkkenleverandør HTH med benkeplate av laminat med rett kant. Ventilator går utanom ventilasjonsanlegg der det er mogleg. Skåp vert levert tilrettelagt for integrerte kvitevarer utanom kjøleskåp.

Baderomsinnredning
Hilde baderomsinnredning frå Linnbad med Balder porselensservant. Hilde speil med lyskant, føljer størrelsen på innredninga samt eit greps blandebatteri.

Baderomsinnredning leverast i føljande størrelsar:

  • 80 cm til 2-roms leilegheiter
  • 100 cm til 3-roms leilegheiter
  • 120 cm til 4-roms leilegheiter


Innvendige overflater:
Veggar i stove og kjøkken vert levert med målte gipsveggar som blir sparkla og målt. Resterande rom utanom bad blir levert med ferdigmålte plater av typen Huntonit Microfuge i fargen frost.

Bad og bod
På bad blir det levert baderomsplater på veggane frå Fibo av typen Legato 110 kvit matt utan flismønster, eller tilsvarande prisklasse. På golvet leverast keramisk flis i 20x20cm størrelse.

På bod vert det levert golvbelegg av typen Nocturne 1380 eller tilsvarande.

Sanitærutstyr:
Alle rør føringar med tilførsel av vatn utførast som rør i rør fordelt utifrå eige vassfordelingsskap montert i vegg på bad. På bad vert det levert; vegghengt toalett, servantskap med heildekkande vask, 90 x 90 cm dusjveggar, dusjsett med dusjhovud og blandebatteri, opplegg for vaskemaskin. Til kjøkken føljer eitt-greps kjøkkenbatteri, kjøkkenvask samt opplegg for oppvaskmaskin med lekkasjestoppar.

Balansert ventilasjon
For oppvarming og ventilering av leilegheitene er det avtrekksvarmepumper medvassbåren golvvarme med termostat. Avtrekksvarmepumpa gjenvinn energi via avtrekkslufta, supplert med elektrokolbe, og gir bustaden varme, varmtvatn og balansert ventilasjon. Anlegget er montert i innvendig bod, og kvar bustad har sitt eige anlegg.

Oppvarming/Energi
Leilegheita har vassbåren golv varme i stove, kjøkken og entre. Med vassbåren varme fra varmepumpe får du jevn, behagelig varme, godt inneklima og forutsigbare strøm kostnadar. Golvet varmast opp med varmt vann og har lav overflatetemperatur.

Bad og vaskerom utstyrt med elektrisk golvvarme, sm sikrar forbrukaren behageleg og raskare varme på badegolvet.

Energikarakter
Leilegheitene variera mellom energikarakter A og B, der C er dagens krav etter TEK17. Om du ønskjer meir opplysingar kan du be om å få utdelt energiattest hjå seljar.

Sportsbod
Alle leilegheiter blir levert med sportsbod på minimum 5m2. Bodane er plassert i parkeringskjellar og i trappeoppgangar. Sportsbodene leverast med nøkkellås.

Parkering
Det er sett av 31 parkeringsplassar på Smedstad der 16 plassar er i eigen parkeringskjellar, og 15 er plassert utvendig med innkøyringa til prosjektet. Kvar leilegheit disponera ein (1 stk.) parkeringsplass. Kvar parkeringsplass i parkeringskjellar kostar kroner 300 000,- og er tildelt ulike seksjonar. Dersom ein skulle ønskje innvendig parkering til ei leilegheit som ikkje står oppført med parkeringsplass, må ein ta kontakt med utbyggar for å høyre om der er nokon ledige. Funky 43 og Funky 45 har ein innvendig parkeringsplass, og ein utvendig.

Fiber frå Telenor med Tv og strømmetjeneste T-we
Det er medteke trådlaust spredenett for tele/data i kvar leilegeit. Det er ikkje medteke antenneanlegg og TV-signal distribuerast via fiber/ breiband. Telenor er leverandør og pakken som er inkludert er <>. Pakken kostar ca 529 kroner per. mnd. og inneheld 100/ 100 Mbps internetthastigheit, samt Tv- og strømmetjenesten t-we. Ved overtaking ringer du som kunde og abonnement vil bli oppretta. Ønskjer du meir informasjon kan du be om brosjyre hjå seljar.

Funky 43
I bygget Karakter (Hus 4) ligg no den siste av to Penthouseleilegheiter ute for sal (leilegheit 29). Er du klar for å gje slepp på einebustaden men føler du ikkje har funne den rette leilegheita endå? Då kan vi love at Funky er ein god kandidat til deg.

Her har du rundt 150 m2 å boltre deg på. 3 soverom, 1 tv-stove, 2 bad, vaskerom, di eiga «frisone» med soverom med tilhøyrande bad, walk-in garderobe og balkong. «Sommarstove» med nydelig utsikt, stor solfyllt terrasse, og ikkje minst dobbel skyvedør i stova der du kan gjere terrassen til ein del av stova di eller visa versa. I tillegg til alt dette har du ei stor stove og kjøkkenløysing med kjøkkenøy i tillegg til ein råstilig peis som også vil fungere som ein fin romdelar i stova.

*NB! Funky 43 har ein eigen leveransebeskrivelse.
Denne er også ikkje husbankvertifisert grunna sin romslege storleik, men har moglegheit til å søke grønt bustadlån som også har fordelaktige renter.

Vil du vite meir om prosjektet? Kontakt gjerne seljar på telefon eller epost.

Vi tek atterhald om feil i sals annonsen!

Start ditt drømmeprosjekt

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på mesterhus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Mesterhus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.