Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Store bustadar med fire soverom i rekke til sals på Ose

Oseflata, 6155 Ørsta, 6155 Ørsta
Pris fra
kr 3 950 000

Soverom

4

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Rekkehus

Primærrom

106 - 126 m2

Gårdsnr.

47

Bruksnr.

401
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Beskrivelse

ENKEL SKILDRING

Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med teknisk forskrift av 2017 og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer, belysning og nedvask før innflytting er ikkje inkludert.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med eitt strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Bustadane leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonitt. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På golvet i alle tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Innvendig bod har lagt fliser på golv.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing: 
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien. Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.

Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.

Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I leilegheitene i firmannsbustaden er det inkludert vassboren varme med el. Kolbe i stove og kjøkkenet. Tomannsbustaden har vedomn og stålpipe.

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.

Installasjonen er tilrettelagt slik at du kan oppgradere anlegget etter individuelt ønske og behov mot det komplette smarthus dersom du kjem inn tidleg i fasen. Dette er noko De må ta direkte med elektrikaren.

Uteplass:
Leilegheitene har terrasse mot vest. Plenen vert levert grovplanert, og ein må rake, planere og så til plenen som eigeninnsats.
Interne vegar vert asfalterte.

Nøkkelferdige bustadar

Bustadane vert leverte nøkkelferdige i h.h.t leveringsbeskrivelsen. Dersom du skal ha ein standard leveransen vår så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats før du flytter inn i bustaden.

I vår standardleveranse har vi ikkje med:

  • kvitevarer til kjøkenet,
  • vaskemaskin,
  • frysar,
  • lampar,
  • spottar,
  • møblar,
  • dusjkabinett eller dusjveggar,
  • nedvaske av bustaden før innflytting


Kjem du tidleg inn i byggeprosessen, så kan du sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer slik at bustaden vert tilpassa ditt ynskje. Vi har ein god standardleveranse til ein fordelaktig pris.

Betalingsvilkår av bustaden

Du får ein fast pris på bustaden med oss. Du vil ikkje få nokon prisstigning, og du skal heller ikkje betale noko av kontraktssummen til Tømrer Prosjekt AS før den dagen du tek over bustaden.