Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Sentrumsnære bustadar i Isakmarka 36 på Hareid. Gunstig Husbankfinansiering!

Isakmarka 36 6060 Hareid
Pris fra
2 690 000 kr
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Nøkkelinfo

Soverom

2

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

68 m2

Gårdsnr.

41

Bruksnr.

1319

Beskrivelse

ENKEL SKILDRING AV VÅR STANDARD.

Generelt:
Bustaden vert levert i tråd med TEK. 2017. Bustaden vert levert etter Mesterhus Sunnmøre sin nøkkelferdige standard.
Det som ikkje er inkludert er; nedvask av bustaden før innflytting, kvite- og brunevarar, dusjkabinett/veggar og belysning m.a.
Du betaler bustaden når bustaden er ferdig og du skal overte bustaden..

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert levert med eit strøk grunningsfarge. På taket vert det levert sveisa takpapp. Balkong/terrassebord består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Bustaden vert levert med kvite tak- og veggplater. På veggane er det Huntonit tre bords plater farge kvit kostemalt, og Huntonit kvite takplater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde med varmekablar i golvet. På soverom, gang, stove og kjøken vert det lagt høgtrykkslaminat, type; Elegant Eik Natur. På innvendig bod der det er plassert varmtvannstank vert det lagt flis på golv, og ca. 5 cm opp etter vegg. Er det ei tørr bod så er der høgtrykkslaminat på golvet. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.

Kjøken, bad og garderobe innreiing:
Kjøken er av type Nordsjø Riga Eik grå. Baderomsinnreiing av type Nordsjø Riga Eik, grå. I Riga serien på kjøken og bad er det fleire farger du kan velje mellom. På vårt bilde i prospektet viser vi; Eik Natur og Eik svart på kjøken, og Eik Sort på bad. Er du ute tidleg så kan du kan du velje mellom fleire frontar på kjøken og bad. På bad er der 120 cm seksjon med to skuffer, og spegel med integrerte lys. Garderobeskap leverer vi med eitt garderobeskap til kvar sengeplass. Alt blir levert og montert i h.h.t teikning.

Røyrleggar:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin, eitt greps blandebatteri, dusjbatteri med dusjsett til bad, i h.h.t teikning. Det vert levert to utekranar per hus. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golv på stove og kjøken.

Ventilasjon:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø. Derfor vert bustaden levert med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar.

Elektriske installasjonar og oppvarming:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter som sikrar nok elektriske punkt. Sikringsskap med automatsikringar og jordfeilbrytar. Bustaden vert levert med vannbåren varme i golva på stove og kjøken.

Uteplass:
Leilegheitene vil få terrasse mot sør og vest. Uteområdet vert levert maskinplanert, og ein må rekne med å plukke småstein, rake, så plenen og plante sjølv.

For meir detaljer så viser vi til våra si leveringsskildring.

Finansiering

Dette bustadprosjektet, Isakmarka 36 har fått innvilga lån gjennom HUSBANKEN til gunstig rente.
Her kan du få lån opptil 90% av kjøpesummen på bustaden.