Hopp til hovedinnhold
1 / 0

OSE - Sentrale nøkkelferdige leilegheiter

6155 Ørsta
Pris fra
kr 3 240 000

Soverom

2 - 4

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Primærrom

80 - 126 m2

Gårdsnr.

47

Bruksnr.

242
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Beskrivelse

ENKEL SKILDRING

Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med teknisk forskrift av 2017 og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med eitt strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Bustadane leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonitt. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På golvet i alle tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Innvendig bod har lagt fliser på golv.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing: 
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien. Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.

Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.

Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I leilegheitene i firmannsbustaden er det inkludert vassboren varme med el. Kolbe i stove og kjøkkenet. Tomannsbustaden har vedomn og stålpipe.

Sentralstøvsugar:
Støvpartiklar i innelufta kan virke irriterande for luftvegane, men med sentralstøvsugar vil desse støvpartiklane forsvinne ut av huset. Anlegget består av ei sentraleining og røyropplegg med naudsynte kontaktar i kvar etasje.

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.

Installasjonen er utstyrt med Smarthus "Grunnpakke" som er klar med fleksible lysbrytarar, termostatar og styring av lampepunkt.
Smarthus "Grunnpakke" gjer det mulig trinn for trinn å oppgradere anlegget etter individuelt ønske og behov mot det komplette smarthus.

Med oppgradert Smarthus "Grunnpakke" vil ein kunne overvake og fjernstyre anlegg og elektronisk utstyr som
lys, varme, solskjerming, vannlekasje / vannstopp, etc.

Uteplass:
Leilegheitene har terrasse mot vest. Plenen vert levert tilsådd. Interne vegar vert asfalterte.

Nøkkelferdig

Bustadane vert leverte nøkkelferdige. Dersom du skal ha ein standard leveranse, så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er så ferdig at du kan flytte rett inn. De treng berre å vaske ned før du flytter inn.

I vår standardleveranse leverer vi ikkje: kvitevarer til kjøkenet, vaskemaskin, frysar, lampar, spottar, møblar, dusjkabinett eller dusjveggar.

Kjem du tidleg inn i byggeprosessen, så kan du sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer slik at bustaden vert tilpassa ditt ynskje. Vi har ein god standardleveranse til ein fordelaktig pris.

Betaling

Du får ein fast pris med oss. Skulle prisane på materialar stige så vil du ikkje få noko prisauke, og kanskje det beste er at du betaler bustaden først den dagen du tek over bustaden!