OSE, Osflata 26 A-D - Moderne firemannsbustad med sentral plassering nær butikk, skule, badestrand, kaffe i Ørsta
Oseflata 26 6155 ØrstaNøkkelinfo
Soverom
Eierform
Primærrom
Gårdsnr.
Bruksnr.
Beskrivelse
ENKEL SKILDRING
Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med teknisk forskrift av 2017 og etter vårt nøkkelferdige konsept. Dusjveggar, møblar, kvitevarer og belysning er ikkje inkludert.
Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med eitt strøk grunningsfarge. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.
Innreiing/måling:
Bustadane leverast med kvitmalte tak- og veggplater frå Huntonitt. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. På golvet i alle tørre rom vert det levert Berry Alloc høgtrykkslaminat. Innvendig bod har lagt fliser på golv.
Kjøken, bad- og garderobeinnreiing:
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien. Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert 1m garderobeskap til kvar sengeplass, og desse vert plasserte i h.h.t teikning.
Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.
Ventilasjon og Oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmings-utgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. I leilegheitene i firmannsbustaden er det inkludert vassboren varme med el. Kolbe i stove og kjøkkenet. Tomannsbustaden har vedomn og stålpipe.
Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Du skal ha eige møte med elektrikar, og der går de gjennom punktplassering i din bustad.
Installasjonen er utstyrt med Smarthus «Grunnpakke» som er klar med fleksible lysbrytarar, termostatar og styring av lampepunkt.
Smarthus «Grunnpakke» gjer det mulig trinn for trinn å oppgradere anlegget etter individuelt ønske og behov mot det komplette smarthus.
Med oppgradert Smarthus «Grunnpakke» vil ein kunne overvake og fjernstyre anlegg og elektronisk utstyr som
lys, varme, solskjerming, vannlekasje / vannstopp, etc.
Uteplass:
Leilegheitene har terrasse mot vest. Plenen vert levert tilsådd. Interne vegar vert asfalterte.
Nøkkelferdig
Bustadane vert leverte nøkkelferdige. Dersom du skal ha ein standard leveranse, så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er så ferdig at du kan flytte rett inn. De treng berre å vaske ned før du flytter inn.
I vår standardleveranse leverer vi ikkje: kvitevarer til kjøkenet, vaskemaskin, frysar, lampar, spottar, møblar, dusjkabinett eller dusjveggar.
Kjem du tidleg inn i byggeprosessen, så kan du sjølvsagt gjere dei endringane du ynskjer slik at bustaden vert tilpassa ditt ynskje. Vi har ein god standardleveranse til ein fordelaktig pris.
Betaling
- Du får fast pris med oss
- Skulle prisane på materiala stige så vil du ikkje få nokon prisauke
- Du betaler 100% av kontraktssummen når du tek over bustaden!