Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Solrikt og lunt på Solheim i Florø

Nordre Instetunet 20-34., 6908 Florø
Pris fra
kr 4 490 000

Soverom

3

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Enebolig

Primærrom

118 m2

Gårdsnr.

23

Bruksnr.

334
Kjell Arne Sigdestad
Dagleg leiar

Beskrivelse

Lunt og sjønært, med sjøutsikt og båtplass
Nordre Instetunet er eit nytt og spennande bustadprosjekt med einebustad i rekke inkludert båtplass, på Solheim i Florø.

Nordre Instetunet byr på:

  • Moderne hus i funkis-stil
  • Eigen båtplass i Instetunet småbåthamn
  • Unik sjanse for eige naust
  • Sørvendte bustader med flott utsikt mot Solheimsfjorden
  • Store vindusflater gir lyse og trivelege buforhold
  • Kort veg til populært turområde
  • Kort veg til badeplass

Fjord og sol

Bustadane ligg solrikt og lunt, med fantastisk utsikt ved Brandsøyvegen. Nyt sola og den flotte utsikten over Solheimsfjorden frå din eigen sørvendte terrasse.

Her er gode moglegheiter fiske og bading i fjorden. Instetunet har felles strandlinje som grensar til eit grøntområde avsett til badeplass med fin, kvit sandbotn. Svaberg langs fjæra innbyr til late dagar med piknik, soling og avslapping. Området er barnevennleg, med flotte friområde som lokkar til leik. Det er kort veg til nyoppussa skule og barnehage. Gangavstand til busstopp.

Ut på tur

Florøfolk sitt mest populære tur- og rekreasjonsområde – Brandsøyåsen – kjent for si flotte utsikt over Florø by og storhavet i vest, ligg like ved. Om du føretrekk ein trimtur eller ein skogstur med familien så finns det eit mylder av fine turstiar rett utanfor huset.

Eigen båtplass inkludert

Inkludert i huskjøpet på Norde Instetunet følgjer det eigen båtplass i småbåthamna. Her kan ein også kjøpe seg naustplass i tillegg. Å rusle ned til eigen båtplass for ein båttur med familien eller ein kajakk- eller SUP-tur etter jobb, er ikkje lenger berre ein draum. Alt ligg til rette for å nyte både sjøen og strandlinja rett ved stovedøra.

FAKTA

  • Tal etasjar: 2
  • Bustadtype: Einebustad i rekke, inkl. båtplass
  • Eigarform: Sjølveigar
  • Parkering: Asfaltert oppstillingsplass + carport
  • Ferdigstilling: desember 2023
  • Primærareal over to etasjar: 98m2
  • Carport : 20 m2
  • Totalt BRA: 118 m2
  • Altan 15 m2
  • Båtplass 3 x 6 m