Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Lekre og moderne leilegheiter 2-3 roms | moglegheiter for carport

Storelia 6813 Førde
Pris fra
2 990 000 kr
Ole Christian Stølsvik
Selgar
Prosjektet bygges av

Byggmester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift og totalentreprenør med base i hjartet av Førde. Sidan oppstarten i 1979 har vi levert solid handverk og skapt funksjonelle, varige heimar og bygg for kundane våre. Vi er stolte av å vere ein del av Mesterhus, som gir oss tilgang til gjennomprøvde løysingar og fleksible bustadmodellar. Med eit erfarent team av dyktige fagfolk tek vi på oss både små og store prosjekt – for privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar i heile fylket. Hos oss er det ein sjølvfølge - det blir som avtalt - både når det gjeld kvalitet, pris og framdrift.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

1 - 2

Eierform

Eier (Selveier)

Primærrom

47 - 60 m2

Beskrivelse

Vi er klare for å presentere Pinndalen Hus 1! Vi fortsetter med BKS3, leilegheiter som er perfekte for blant anna førstegongskjøparar, men itillegg til det har vi utvida nokre leilegheiter for at det kan treffe fleire behov. Om du treng 1 eller 2 soverom, eller eit heimekontor, eller kanskje meir plass til oppbevaring, så har vi ei leilegheit til deg! I den nye bustadfeltet i Pinndalen bur du med kort avstand til Førde sentrum, i gåavstand til matbutikk, og du har turveg rett utanfor døra.

I bustadfeltet ynskjer vi å skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Leilegheitene ligg i idylliske omgjevnader, omkransa av grøne friområde. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime. Leilighetene har eit bruksareal mellom 47 - 61 m2, og har gjennomgåande høg standard på material og overflater.

Beliggenheit

Bustadfeltet ligg ein kort køyretur frå Førde Sentrum. Følg E39 i retning Jølster, når ein har passert daglegvarebutikken på Bruland har ein Pinndalen på høgre side i svingen under Hafstadfjellet. Her er det godt utbygd gang og sykkelveg slik at ein lett kan ta sykkelen fatt til skule og jobb.
I bustadfeltet er det ein leikeplass som inneheld disser, sandkasse og plass til ballbane. I tillegg til dette er det kort veg til fine naturopplevingar då området ligg idyllisk til ved foten av Hafstadfjellet.

Om leilegheitene

Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på material og overflater, her er det valt gode løysingar som skapar rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke material som er enkle å vedlikehalde. Den dobbelfalsa kledninga i kombinasjon med fasadeplater vil bidra til eit moderne uttrykk på fasaden. I likheit med dei andre leilegheitsbygga i bustadfeltet får bygget eit kubistisk formspråk for å halde det moderne uttrykket.

Alle leilegheitene på plan 2 har skrå himling i stove og kjøkken. Det gir ei svært god takhøgde og ei luftig kjensle. Her vil det strøyme inn godt med lys.

Høgdepunkter i leveransen

  • Golvet er laminat frå Berry Alloc på alle rom utanom bad. Denne har ein struktur og utsjånad som er svært naturtru.


  • Bad får keramiske flisar på golvet og baderomsplater på vegg. Her har vi av praktiske og estetiske årsaker laga moglegheit for å gøyme vekk vaskemaskina og varmtvasstanken bak skyvedører dersom det skulle være ønskeleg.


  • Baderomsinnreiing fra Linn Bad.


  • Kjøkkenet leverast av HTH eller tilsvarande, og vil ha eit stramt og tidsriktig uttrykk, her får du integrerte grep og frontar i høg kvalitet.


  • Varmekablar i gang, bad og stove


  • Robotstøvsugar med vaskefunksjon, som både lettar reinhaldet, og bidrar til eit betre inneklima.


  • Alle leilegheitene får også med kvar sin sportsbod på ca. 5 m2.


  • Leilegheitene får ein parkeringsplass kvar. Nokre parkeringar kan oppgraderast til carport - Her er det første mann til mølla!

Atterhald

Vi tek atterhald om godkjent byggeløyve.

Start ditt drømmeprosjekt

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på mesterhus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Mesterhus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.