Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Nytenkande leilegheiter på Smedstad!

Angedalsvegen 45 6810 Førde
Pris fra
2 000 000 kr
Stine Stølsvik
Seljar
Prosjektet bygges av

Byggmester Stølsvik AS

Byggmester Stølsvik AS er ei allsidig tømrarbedrift og totalentreprenør med base i hjartet av Førde. Sidan oppstarten i 1979 har vi levert solid handverk og skapt funksjonelle, varige heimar og bygg for kundane våre. Vi er stolte av å vere ein del av Mesterhus, som gir oss tilgang til gjennomprøvde løysingar og fleksible bustadmodellar. Med eit erfarent team av dyktige fagfolk tek vi på oss både små og store prosjekt – for privatpersonar, næringsliv og offentlege aktørar i heile fylket. Hos oss er det ein sjølvfølge - det blir som avtalt - både når det gjeld kvalitet, pris og framdrift.

Gå til forhandlersiden

Nøkkelinfo

Soverom

1 - 3

Eierform

Selveier

Primærrom

25 - 150 m2

Gårdsnr.

22

Bruksnr.

52

Kvifor velje Smedstad

Smarte og arealeffektive leilegheiter – tilpassa dagens bustadmarknad
Bustadmarknaden har endra seg. Rentene har auka, bankane er strengare, og mange prosjekt i byggebransjen står stille. Vi meiner likevel at folk framleis skal ha moglegheit til å kome seg inn på bustadmarknaden.

Derfor har vi teke eit bevisst grep og teikna om prosjektet.
Leilegheitene er no planlagt smartare og meir arealeffektivt. Mindre unødvendig areal, betre planløysingar og løysingar som gjer at kvar kvadratmeter jobbar meir for deg. Resultatet er bustader som er meir realistiske å få finansiert – utan at det går på bekostning av kvalitet eller gode bumiljø.

Målet er enkelt: Å gjere det mogleg for fleire å realisere bustaddraumen. Enten du skal kjøpe din første bustad, flytte til noko meir praktisk, ein pendlarbustad eller investere i ein bustad som passar livet slik det er no.

Dette er bustader tilpassa tida vi lever i – og menneska som skal bu her.

Beskrivelse

Vi har gleda av å presentere neste byggetrinn på Smedstad.

Prosjektet ligg i Angedalsvegen, med gangavstand til sentrum, barnehagar, skular, matbutikk og sentralsjukehus. Tomta ligg strategisk til og har sol omtrent heile året.

Alle leilegheitene har store terrasser der ein kan nyte mykje ettermiddags- og kveldssol. I tillegg til eigen balkong har du moglegheit til å bruke dei flotte fellesområdene som er på tomta.

Med på kjøpet får du ein felles takterrasse, to gjesteleilegheiter dersom ein skulle trenge fleire sengeplassar, samt Oskars Hage - med sine mange lune og skjerma område, kan du vere sikker på å nyte sommardagen ute.

Ein del av tomta er omkransa av ei lita grov som munnar ut i elva Anga. Det er opparbeida ein tursti kant i kant med elva der ein kan ane lyden av bekkesildring, eller studere småfiskane som lev her.

Med sin spennande arkitektur er Smedstad eit bustadprosjekt som har treft mange ulike kjøpargrupper. Smedstad skal vere ein plass der man skal trivast. Vi har lagt vekt på praktiske og funksjonelle løysingar med ein god porsjon komfort. Leilegheita har påkosta kvalitetar, store vindauge, romslege sørvest vendt terrasse og god planløysing.

Start ditt drømmeprosjekt

Meld interesse

Din kontaktinformasjon

Din melding

Ved å sende inn skjema opprettes det en brukerprofil på mesterhus.no, og dine opplysninger lagres i vår digitale løsning. Utfyllende informasjon om behandlingen og hvordan du kan slette din profil finner du i vår personvernerklæring. Mesterhus vil sende deg nyhetsbrev basert på ditt kundeforhold hos oss. Dersom du ønsker å reservere deg mot nyhetsbrev, gjør du det enkelt ved å krysse av nedenfor.