Hopp til hovedinnhold
1 / 0

Stor leilegheit med tre soverom, stor stove, til sals på Rotset i Volda sentrum

Prestegata 19E, 6100 Volda
Pris fra
kr 5 540 000

Soverom

3

Eieform

Eier (Selveier)

Boligtype

Leilighet

Primærrom

126 m2

Gårdsnr.

30

Bruksnr.

450
Odd Martin Lindvik Velsvik
Salssjef

Skildring om leveransen og kor den ligg i Volda

Prestegata 17 og 19 ligger på Rotset. Det er bygd to blokker med til saman 20 bustadar.
Litt om den ledige leilegheita, seksjon nr. 9;

  • Leilegheita som er ledig er 126 m² bruksareal inkl sportsbod i carporten.
  • Bustaden har tre soverom
  • Stort kjøken
  • Stor stove
  • Terrasse med glasrekkverk
  • Bad
  • Gjestetoalett
  • Vaskerom
  • Stor bod
  • Carport med sportsbod


Bustaden har moderne utforming med lyse malte overflater og god kvalitetar. Kjøken- og baderomsinnreiing er levert av Hygge Design AS.

Bustaden ligg med fasade mot vest med utsikt over Voldsfjorden og Volda sentrum. Bustaden har eigen carport med ei stor låsbar sportsbod på 5m². I tillegg er der godt med gjesteparkeringsplassar. Området har også eigen sykkelparkering, og nedgravde søppelkonteinarar.

I nærområdet finne du m.a.; OBS Bygg, bilverksted, daglegvarebutikk, Osdal Catering, bensinstasjon, skular, Volda Campus Sparebank 1 Arena, Høgskulen, berre for å nemne noko.
Vil du gå til sentrum så vil du bruker omlag 5 min.
Parkeringsplassar og tilkomstveg er asfalterte. Vi leverer ferdig tilsådd plen og nyplanta hekk. 

Skildring av leilegheitene

Ferdigstilling:
Bustaden vert levert i tråd med Teknisk Forskrift av 2017, og etter vårt nøkkelferdige konsept med nokon endringar for snr. 9. Der har vi tatt med dør til dusjen og spottar med dimmar som innvendig belysning.

Utvendig overflate:
Utvendig bordkledning vert leverte med to strøk, eitt grunningsstrøk, og eitt mellomstrøk. På taket vert det levert takpapp. Berande konstruksjonar og dekke på balkong/terrasse består av trykkimpregnerte materiale.

Innreiing/måling:
Himling i leilegheita har malt gips. Veggane har huntonittplater som har slette malte overflater. Dører, vindauge, listverk og fôringar til vindauga er kvite. Veggar og golv på bad er flislagde. Innvendige bod med varmtvannstank har fliser på golvet.

Kjøken, bad- og garderobeinnreiing: 
Kjøken og baderomsinnreiing er av type Nordsjø Riga serien.
Desse vert leverte i h.h.t. arkitektteikning. Spegelen på bad har integrerte lys. Det vert levert med skyvedørsgarderobe på hovudsoveromet og vanlige kombi garderobeskap på dei to andre soveroma. På kjøkenet er der montert oppvaskmaskin, komfyr og platetopp samt kjøleskap med frysar som kombiskap. Alt er integrert i kjøkeninnreiinga.

Røyrleggjararbeid:
Anlegget vert levert komplett, og omfattar blant anna varmtvasstank (200L), avløp og uttak for vaskemaskin og oppvaskmaskin. Dusjbatteri med garnityr til badet, i h.h.t teikning. Til kvart hus vert det levert utvendig vasskrane.

Ventilasjon og oppvarming:
God ventilasjon er avgjerande for eit godt innemiljø, og for å halde oppvarmingsutgiftene så lave som mogeleg. Difor vert bustadane leverte med balansert ventilasjon med varmegjenvinnar. Leilegheitene er levert med vannboren varme med el. kolbe i stove og kjøkenet. Der er varmekabel på badgolvet

Elektriske installasjonar:
Elektrisk anlegg er utført etter gjeldande forskrifter. Alle rom har spottar i himlinga. Det vert levert rikeleg med stikkontakter i alle rom.

Uteplass:
Leilegheitene har terrasse/veranda. Plenen er lever tilsådd, og det er planta hekk. Det er også sett ut reiestativ, sandkasse og benkar på plenarealet. Intern tilkomstveg er asfaltert.

Nøkkelferdig

Vi leverer bustadane våra, nøkkelferdige i h.h.t. vår std. leveranseskildring. Når du vel vår standard så slepp du å gjere nokon form for eigeninnsats. Husværet er fiks ferdig, og leilegheita er ferdig vaska ned slik at du kan berre flytte rett inn i denne store og flotte bustaden på Rotset i Volda sentrum.

Betaling

Du betaler bustaden først den dagen du skal ta over bustaden. Du slepp også å betale dokumentavgifta til staten, den har vi allereide betalt for deg.