Ny bustad til jul? Uforpliktande visning når det passar deg!
6770, NordfjordeidBeskrivelse
MÅ SJÅAST!!! JANNICKE STILLER TIL UFORPLIKTANDE VISNING NÅR DET PASSAR DEG.
Moderne og funksjonell tomannsbustad i fantastiske omgjevnader, sentralt på Nordfjordeid. Fantastisk nærleik til fjellet og fine turområde. Gangavstand til sentrum, skule, barnehage og idretts-kulturarena.
BRA bustad er 99m2. Total BRA 125m2 (frå byggesak), inkl. carport og sportsbod. Bustaden vert bygd på tomt nr. 19-02 i Hogaåsen. Fint og lettstelt uteområde, samt terrasse. Plen ferdig sådd.
Signatur 300 vert levert som nøkkelferdig bustad med gode kvalitetar. Mesterhus Signatur 300 er ein funksjonell og innhaldsrik tomannsbustad med eit moderne designuttrykk. Stove og kjøkken er på øvre plan med store vindauge som gjev nærleik til omgjevnadane. Med vindauge som går frå gulv til tak, får du naturen inn i stova di og du får godt med lys inn i bustaden.
Bustaden vert levert grunna og måla eit strøk.
Veggar i stove/kjøkken, vf og hall i ferdigbehandla glatte flater. Veggar på soverom og bod levert i ferdigbehandla veggplater. Baderomspanel i moderne stil på veggar bad og wc. Ferdigbehandla takplater i glatt overflate. Moderne laminatgulv på alle gulv med unntak av vf, bad og wc, som vert flislagt. Våtromsbelegg i bod.
Innredningar i moderne stil frå lokal produsent Espe trevare, i farge sort.
Pipe og omn inkludert.
Må sjåast! Ta kontakt for ein uforpliktande husprat.
https://www.facebook.com/mesterhus/videos/10153646703131900/