Pinndalen Hus E - Oppgradert | Ferdigstilling desember | Stort felles grøntareal | Pergola | mulighet for carport
Storelia 1, 6813, FørdeBeskrivelse
Vi fortsetter med leiligheter som er perfekte for førstegongskjøparen!
I det nye bustadfeltet i Pinndalen har du sjansen til å bu urbant i landlege omgjevnader med tilgang til flotte naturopplevingar rett utanfor døra. Vi ynskjer å skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Leilegheitene ligg i idylliske omgjevnader, omkransa av grøne friområde. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime. Leilighetene er rett under 50 kvm, og har gjennomgåande høg standard på material og overflater.
Vi har fokusert på meir uteområde til leilegheitene, og vil tilrettelegge for grøntarealer i framkant av bygget. Det blir også bygd ein paviljong som er felles for sameiet til hus D, E og F. Her kan ein invitere vener til å samlast i paviljongen eller ha piknik i graset.
Beliggenheit
Bustadfeltet ligg ein kort køyretur frå Førde Sentrum. Følg E39 i retning Jølster, når ein har passert daglegvarebutikken på Bruland har ein Pinndalen på høgre side i svingen under Hafstadfjellet. Her er det godt utbygd gang og sykkelveg slik at ein lett kan ta sykkelen fatt til skule og jobb.
I bustadfeltet vil det bli bygd ein leikeplass som inneheld disser, sandkasse og moglegheit for å etablere ei ballbane. I tillegg til dette er det kort veg til fine naturopplevingar då området ligg idyllisk til ved foten av Hafstadfjellet.
Om leilighetene
Leilegheitene er detaljløyst av interiørarkitekt som heile vegen har hatt god utnytting, funksjonalitet og gode lysforhald i tankane.
Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på material og overflater, her er det valt gode løysingar som skapar rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke material som er enkle å vedlikehalde. Den dobbelfalsa kledninga i kombinasjon med fasadeplater vil bidra til eit moderne uttrykk på fasaden. I likheit med hus A, B, C og D får bygget eit kubistisk formspråk for å halde det moderne uttrykket som resten av feltet.
Alle leilegheitene er utforma etter prinsippa om universell utforming. I praksis betyr dette at romma vil opplevast som romslege og gode for alle bebuarar.
Bad får keramiske flisar på golvet og baderoms plate på vegg. Her har vi av praktiske og estetiske årsaker laga moglegheit for å gøyme vekk vaskemaskina og varmtvasstanken bak skyvedører dersom det skulle være ønskeleg. For leilegheit 8 og 11 vil skyvedørsgarderobe i gang følgje med leilegheita.
På alle rom forutan bad er det valt laminat frå Berry Alloc. Denne har ein struktur og utsjånad som er svært naturtru. Leilegheitene leverast og med robotstøvsugar, som både lettar reinhaldet, og bidrar til eit betre inneklima.
Leilegheitene på plan 2 leverast med skrå himling, noko som vil gje den opne kjøkkenløysinga svært god takhøgde og ei luftig kjensle. Her vil det strøyme inn godt med lys. Kjøkkenet leverast av Drømmekjøkkenet eller tilsvarande og vil ha eit stramt og tidsriktig uttrykk, her får du integrerte grep og frontar i høg kvalitet. For å understreke stilen ytterlegare går vi for listefritt med gips på tak og veggar i alle rom utanom på badet. Dersom du er ein av mange som drøymer om walk-in-garderobe, har vi lagt dette til rette for deg ved å plassere boda i tilknyting til soverommet. Leilegheitene får også ein stor søraust-vendt eller vestsørvest-vendt terrasse, noko som gir gode solforhold og innbyr til sosialt samvær. Alle leilegheitene får også med kvar sin sportsbod på ca. 5 m2.